Fortida så har eg så lyst å bake, eg berre elsker å bake. Men eg er ikkje så veldig glad i å ete kaker, ikkje likar eg sukker og ikkje tåler eg så mykje kaker heller. Men eg bakar jo kaker eg kan tåle og, men eg et helst ikkje så mykje sjølv.
Men eg elskar å bake for å glede andre, så gleda var stor når Mari ville komme på kake besøk. ho fekk med seg halve kaka heim også .
Pynta kaka med litt bringebær det gjer seg liksom. Denne kaka har eg designa oppskrifta på sjølv. Den er ikkje revlusjonerande men det som aknskje kan overaske mangen er at her går krem, rømme og kesam i skjønn forening. Denne kaka har tre lag.
Ingrids Sjokolademoussekake med kesamdrøm
Bunn
200 gr margarin
2,2 dl vatn
4 ss kakao
Kok opp dette samman og la det avkjøle seg litt medan du måler opp resten.
3 dl sukrinmelis
1 dl tagatose
0,5 dl agavesirup( dette kan du kjøpe på helsekost om du ikkje vil ha sukkerfrikake kan du erstate dette med 4 dl sukker)
1/2 beger lettrømme
2 egg eller eggerstatning
2 ts bakepulver
4,5 dl glutenfritt mel( for lavkarbo utgåve bruk mandel eller kokos mjøl)
Bland det tørre og det våte samman med ballongvisp. Putt litt over halvparten i ei kakeform slik at det blir ein litt tjukk botn. resten kan du lage muffins eller en ekstra kakebunn som du kan fryse ned til seinare. steik på 200 grader i ca 20 min. Medan kaka steiker så kan du byrje å lage fyllet.
Kesammousse
1 boks kesam om du vil gjere det enkelt kjøper du vaniljekesam
1 dl kremfløte
1 ts vaniljesukker/event vaniljepulver blanda med sukrinmelis
Enklar blir det ikkje, pisk krem av fløta bland det med vaniljekesam og vaniljesukker. Set det kaldt så lenge.
Sjokolademousse
150 gram mørk sjokolade utan sukker
2 ss smør/margarin/kokosfett velg det du har
1 egg
3 dl kremfløte
Smelt sjokoladen med smør i vannbad eller om du er ekstra modig på plata(men då må du følge med og røre i gryta). Medan det godgjer seg kan du piske krem av fløta til den er litt stiv men ikkje smør. Når sjokoladen er smelta piskar du den gradvis sammen med et egg det blir ei tjukk lim aktig masse. Denen blandar du inni kremen med ein slikkpott til fargen er heilt jamn. Set kald så lenge.

Om du ikkje er Ninja så er kaka alt ferdig og har stått ei lita stund på benken medan du har laga ferdig moussene. Då kan du kjenne med handa, kaka skal være lunken det er berre ein fordel om den er heilt kald, set den gjerne på eit litt fint fat. Moussene du har laga skal være litt stive no. Begynn først med å fordele kesammoussen jamt over kaka denne skal berre være på bunnen ikkje rundt kantane. Så set du kaka inn i kjøleskapet. I mens kan du danse til ein sang, vaske opp litt, kysse kjæresten eller ta eit par sit ups. Eg lot mi stå inne i ca 20 min då var den litt stivare. Så begynner det som er litt vanskelig. No skal sjokolademoussen på toppen av det kvite uten at det blir blanda og gørr. Bruk ein slikkepott å fordel det forsiktig utover, prøv å unngå å smør så mykje men lett heller lagvis på, kle så sjokolademoussen rundt kanten. Om du sølar kan du jo berre spise det.

Så må kaka inni kjøleskapet igjenn, den er best om du ventar til dagen etter men den kan også spisast no. Pynt den med bær eller sjokolade. Og kos deg. Kaka er glutenfri og kan lett lagast lavkarbo den er ikkje melkefri. Men kan lett bli laktosefri om du byttar ut med melkefrimargarin, alktosefrirømme, laktosefrifløte og lagar din egen kesam med å blande inn vaniljestang og litt sukrin i lettrømma.